Gartneri i generasjonar
Hestetun er ein av dei eldste gardane i bygda og dreiv tradisjonelt gardsbruk fram til 1961. Årdal var på den tida i sterk vekst som fylgjer av industriutbyggjing, og kommunen eksproprierte store delar av landeigedommen for byggjing av nye husvære til alle som kom til bygds for å få arbeid på aluminiumsfabrikken.
Dermed måtte gardeigar Olav Hestetun finne nye levevegar, og grunnlagde dermed det fyrste gartneriet med drivhus og butikk. Den gongen sto produksjon av snittblomster i sentrum for verksemda og i drivhuset vart det dyrka store mengder nellik, tulipanar og krysantemum.
Seinare var det Per Hestetun som tok over, og i byggjet etablerte han dessutan kiosk som han dreiv fram til midten av 80-talet. I 1994 gjekk stafettpinnen vidare til Svein Magne, som i dag er gartnar av tredje generasjon i Hestetun.
I drivhuset er det ikkje lenger lønsamt å dyrke snittblomster, og Svein satsar i staden på eigenproduksjon av typiske sommarplanter, og dyrkar mellom anna stemorsblomster og tagetes.
|
|