Team er tingen
Eigar Svein Magne Hestetun er fødd i 1966 og utdanna både gartnar og blomsterdekoratør frå Statens gartnerhøgskule i Moelven og Ulvik i Hardanger.Og med over 20 års fartstid i blomsterbransjen,har han opparbeid mykje kunnskap/erfaring om dekorering/blomster. Han oppdaga tidleg at det var blomster og planter som skulle bli levevegen hans, ettersom han bokstaveleg talt er oppvaksen i drivhuset. Svein arbeidde fleire år i Bergensområdet etter endt utdanning,der han dekorerte oljeplattformer,festspel m.meir,men valde å flytte heim til Årdal i 1994 for å overta familiebedrifta. Han er gartnar av tredje generasjon og busett på garden, som er ein av dei eldste i Årdal.
|
|