|
Mangt og mykje kan seiast med blomster, men pass på å få fram den rette bodskapen. Problemet med blomsterspråket er at det somme tider kan verke noko utydeleg.
Blomsterspråket kan vere ein fin måte å få fram ein bodskap på, anten han er god eller ikkje fullt så god. Tidlegare høyrde kvite blomster berre til dødsfall og gravferder, medan kvite blomster i våre dagar vert mykje brukt til bryllup. Det var også uhøyrt å gje ei ung jente ei potteplante, det var berre for eldre damer.
|