Blomsterspråket

Mangt og mykje kan seiast med blomster, men pass på å få fram den rette bodskapen. Problemet med blomsterspråket er at det somme tider kan verke noko utydeleg.

Blomsterspråket kan vere ein fin måte å få fram ein bodskap på, anten han er god eller ikkje fullt så god.
Tidlegare høyrde kvite blomster berre til dødsfall og gravferder, medan kvite blomster i våre dagar vert mykje brukt til bryllup. Det var også uhøyrt å gje ei ung jente ei potteplante, det var berre for eldre damer.
 

Også talet på blomster har sin betydning:
Ein blomst: du er alt for meg
To blomster: eg vil reise vekk med deg
Tre blomster: eg vil gjerne møte deg att og ha ei framtid med deg
Fire blomster: eg set deg høgt og takkar deg
Fem blomster: eg vil gjere alt for deg
Seks blomster: eg trur ikkje på løftene dine
Sju blomster: eg elskar deg
Åtte blomster: eg er din til døden
Ni blomster: eg vil vere åleine med deg
Ti blomster: vil du gifte deg med meg?
 

Tio tusen?
Ein skal heller aldri skryte med blomster, og i dette er eitt av dei tilfella der størrelsen faktisk ikkje betyr så mykje.
Ein liten bukett kan uttrykke like mykje som ein stor.
Jamvel om du kanskje skulle få lyst til å sende tio tusen röda rosor til ein du du er spesielt glad i, skal du vite at det i fylgje Opplysningskontoret for blomster og planter  ikkje vert rekna for danna å sende fleire enn 25, sjølv ikkje på runde dagar.


Det lettaste er kanskje å sende favorittblomstrane til mottakaren – eller får hjelp hjå din lokale blomsterhandlar.
Her kan du få råd om samansetnad av blomster, fargar og andre dekorasjonar som hjelper deg med å uttrykke det du har på hjertet.

Du kan sjølvsagt også ta utgongspunkt i mottakaren sitt stjerneteikn:
Steinbukken – tulipan
Vannmannen – nellik
Fiskene – valmue
Væren – fiol
Tyren – liljekonvall
Tvillingane – erteblomst
Krepsen – margeritt
Løven – rose
Jomfruen – lilje
Vekten – iris
Skorpionen – krysantemum
Skytten – svibel
 


Pass på piggane
Kakutsplanter skal ein generelt alltid vere forsiktig med, ettersom piggane symboliserer onde kjensler, men skal tru om ikkje dei fleste av oss har kjend trong til å sende ei kaktushelsing eller to ein gong i blant?
Se og Hør gjer det i alle fall minst eit par gonger i veka.